Sentralbadet Litteraturhus

 

Nok ein gong har RiO AS hatt eit spennande, tverrfagleg og utfordrande oppdrag.

Det som før i tida var ein garderobe for arbeidarane ved Odda Smelteverk, Sentralbadet, er no på veg til å verta eit litteraturhus.

Byggjetrinn 1 er no ferdiggjort og det er tilbakeført til slik det var nytt i 1907. Lag på lag med gamal maling er fjerna, veggene er pussa på nytt og malt i den originale fargen, og i opprinneleg kvalitet. Vindaugene er restaurert med tyske spesiallaga, munnblåste vindusglass med ein heilt anna struktur enn dagens moderne glassruter.

Universitetet i Bergen

Restaurering av M/Y Tysso58 fots

Hausten 2004 kjøpte Norsk Vasskraft og Industristadmuseum  (NVIM) M/Y Tysso. 

 Kven hugsar ikkje den fantastiske sommaren 2002, då M/Y Tysso trafikkerte strekninga Odda -Tyssedal? Dette var eit spleiselag mellom Norzink, Tinfos Titan & Irons,AS Tyssefaldene, Odda Kommune,Tyssedalprosjektet og museet. Mange ynskte då at båten måtte hentast heim.

 Tida nærmar seg for at M/Y Tysso igjen kjem inn Sørfjorden. M/Y Tysso er ein 58 fots motoryacht bygd i 1917. NVIM har i fem år no hatt eit svært godt samarbeid med Hardanger Fartøyvernsenter som bringer båten tilbake til fordums prakt. Restaurering av trebåtar er krevjande og ein møter stadig overraskingar.

 Vi har fått det ærefulle oppdraget å utføre det innvendige malerarbeidet. Her skal det nyttas produkter og teknikkar som høyrer den originale båten til.

 

Trykk her og sjå bileta undervegs i arbeidet

RiO (Restaureringssenteret i Odda) har fått det ærefulle oppdraget med antikvarisk rehabilitering av vindaugene ved ærverdige Bergen Museum. Dette er eit samarbeid mellom Odda Mekaniske Verksted, Hardanger Glass og Lås og Malermester Meusburger AS.

Bygningen husar i dag viktige naturhistoriske samlingar, og er mykje besøkt av skular og andre.                      Bygningen er freda etter kulturminnelova, det inneber at alt arbeid skal godkjennas av Riksantikvaren.

Alle vindauger (med unntak av ein del kjellarvindauger) er utforma i støypejern, og er originale frå byggninga si oppføring, dvs. ca 1865. Vindaugene er utført i eitt stykke og montert i veggen under bygginga.                             Arbeidet krev kvalifisert innsats frå fleire handverksfag, dessutan vert det stilt krav til material og metodar i henhold til arbeid med freda bygg. Alt arbeid skal utføras av personell som er kvalifisert for oppgåva og har erfaring frå tilsvarande arbeid.

 Trykk her og sjå bileta undervegs i arbeidet

 

 

 

Restaurering av treskurd I Ungdomshallen

 

Odda Ungdomslag markerte nyleg at det er 100 år sidan ungdomshallen vart innvigd. Huset har gjennom alle desse åra vore godt ivareteke, både før og etter ombygginga i perioden 1978-1982.

Men som på hundreåringar flest, har alderen sett sine spor. Ikkje minst på den verdfulle treskurden til Lars Kinsarvik. Den gamle tjøra skalar av, og treverket turkar opp og sprekk.                        

Treskurden vart opprinneleg laga til Hardanger Hotel/det gamle rådhuset i 1896, og teken vare på av ungdomslaget då hotellet vart rive.

Vi fekk det ærefulle oppdraget med å restaurere treskurden, og det var eit spennande og møysommeleg arbeid.                                                                                All den gamle tjøra og linolja vart skrapa av manuellt, deretter vart treverket finslipt med papir og stålull.                                                                               Ei blanding av tjøre, linolje og terpentin vart påsmurt i fleire omgangar for å atter få metta treverket.

Trykk her og sjå bileta undervegs i arbeidet